Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Utrekning av feriepengar

Sommarferien er rett rundt hjørnet, og for dei fleste arbeidstakarar betyr det utbetaling av feriepengar. Før du legg ut på tur kan det vere lurt at du har satt deg inn i kva du har å rutte med i ferien. Kva er eigentleg feriepengar, og kor mykje har du krav på?

Kva er feriepengar?

Feriepengar er pengar du får utbetalt frå arbeidsgjevar som skal erstatte lønnsbortfallet du får medan du har ferie. 

Ferie er nemleg fritid, så i utgangspunktet har ein ikkje krav på løn når ein tek ut ferie. Difor vert ein faktisk trekt i løn for feriedagar. 

For å unngå at ein står utan inntekt når ein avviklar ferie har vi i Noreg eit system der alle bedrifter trekk for ferie, og deretter utbetaler feriepengar når en avviklar ferien. Ein kan på en måte seie at arbeidsgjevar sparar pengar for arbeidstakaren til ferie. 

Korleis vert feriepengar utrekna?

Kor mykje feriepengar du har krav på er avhengig av inntekta di året før ferien skal bli avvikla. Det er nemleg slik at feriepengar vert rekna ut på grunnlag av løna du fekk utbetalt året før. Dette kallast oppteningsåret. Ferieåret er det kalenderåret ferien blir avvikla. 

Feriepengegrunnlaget er altså den løna du har tent året før ferieåret. 

Utrekninga av feriepengane vert gjort i prosentsatsar, og er avhengig av kor mange feriedagar ein har. Etter ferielova har ein rett på fire veker og ein dag ferie. Feriepengane skal då utgjere minimum 10,2 prosent av feriepengegrunnlaget. For arbeidstakarar over 60 år, som har ei ekstra ferieveke, vert prosentsatsen auka med 2,3 % slik at desse arbeidstakarane har rett på minimum 12,5 prosent. 

Dersom verksemda er bunden av tariffavtale som gir fem ferieveker, er den ordinære satsen 12 prosent. For arbeidstakarar over 60 år er satsen da 14,3 prosent. Alle tariffavtalene til Negotia gir rett på fem veker ferie og seks veker for dei over 60 år. 

Her kan du lese meir om fordelane ved å vere medlem i Negotia.

Dette betyr at arbeidstakarar som ikkje har vore i jobb året før ferien skal bli avvikla ikkje vil ha tent opp noko feriepengar. Ein har likevel rett til å ta ut full ferie, men vil då bli trekt i løn utan å få utbetalt feriepengar. 

Dersom ein har jobba delvis året før ein skal avvikle ferie vil ein tene opp feriepengar av den tida ein har jobba. Visst arbeidstakar året før til dømes var student fram til sommaren og deretter starta i fulltidsjobb, vil feriepengane bli rekna ut etter den løna arbeidstakaren tente siste halvdel av året.

Ver merksam på at du etter ferielova ikkje har plikt til å ta ut meir ferie enn det feriepengane dine opptent året før dekker, med mindre bedrifta held stengt.

Kva skal vere med i feriepengegrunnlaget?

Utgangspunktet er at alle formar for pengeytingar som er opptent i samband med arbeid inngår i feriepengegrunnlaget. Dette vil for eksempel vere vanleg løn, overtidstillegg, bonus, provisjon og skifttillegg. 

Sjukepengar utbetalt av arbeidsgjevar i arbeidsgjevarperioden er også en del av feriepengegrunnlaget. Tilsvarande gjeld omsorgspengar for inntil 10 dagar som er betalt av arbeidsgjevar ved sjukdom hos barn eller barnepassar. 

Nokre typar pengeytingar inngår likevel ikkje i feriepengegrunnlaget. Desse er lista opp i ferielova § 10. Det skal til dømes ikkje bli berekna feriepengar av feriepengane som vart utbetalt året før, eller av naturalytingar. Det skal heller ikkje bli berekna feriepengar av utgiftsdekning, slik som diettgodtgjering, bilgodtgjering, reisegodtgjering eller liknande. 

Kva då med bonus? Det klare utgangspunktet er at dette er ei pengeyting som er opptent i samband med arbeid, og som dermed skal vere med i feriepengegrunnlaget. Ferielova gjer dog unntak for faste godtgjeringar som vert opptent og utbetalt uavhengig av feriefråvær. Enkelte formar for bonusar som vert utbetalt fast og heilt uavhengig av arbeidstakaren sin arbeidsinnsats og feriefråvær, skal dermed ikkje med i feriepengegrunnlaget. 

Visst du lurer på korleis arbeidsgjevar reknar ut feriepengane kan det vere lurt å ta kontakt med det lokale lønskontoret ditt og be om å få forklart utrekninga. 

Sjølve utbetalinga av feriepengane

Etter hovudregelen i ferielova skal feriepengane bli utbetalt siste vanlege lønningsdag før ferien. Er siste vanlege lønningsdag nærmare enn ei veke før ferien, kan feriepengane likevel bli kreven utbetalt seinast ei veke før ferien.

Dette er dog ei ordning som dei færraste bedrifter praktiserer. Dei fleste verksemder utbetaler feriepengar ein fast månad, som oftast i juni, samstundes som det vert gjort trekk i løn for alle dei feriedagane som arbeidstakar skal avvikle i løpet av året. Dei som har fem veker ferie vil då oppleve å bli trekt for eit beløp som tilsvarer fem veker løn, altså litt meir enn ein månadslønn. Med denne ordninga skal arbeidsgjevar utbetale vanleg løn i ferien dersom arbeidstakar tek denne ut på eit anna tidspunkt.

 Det er likevel ingenting i vegen for at arbeidsgjevar og arbeidstakar kan avtale at arbeidsgjevar trekk arbeidstakaren i løn etter kvart som ferien vert avvikla, og på same tid betaler ut ein forholdsmessig andel av feriepengane.

 Lurer du på korleis du ser feriepengegrunnlaget? Arbeidsgjevar er pliktig til å gi arbeidstakar ei samanstilling av feriepengegrunnlaget i den årlege løns- og trekkoppgåva. Mange arbeidstakarar får også oversikt over opptente feriepengar på lønsslippane sine kvar månad.

 Kva visst ein sluttar i jobben og startar i ny jobb? Visst du sluttar i jobben din skal alle opptente feriepengar som utgangspunkt bli utbetalt den siste vanlege lønningsdagen før du fråtrer stillinga. Du skal da få utbetalt feriepengane opptent frå året før, samt opptente feriepengar i inneverande år fram til sluttdato.

 Hugs i den samanheng at feriepengane som er opptent og utbetalt det året du sluttar, skal dekke lønstrekket for ferien du eventuelt tek ut hos ny arbeidsgjevar neste år!

 Dersom du har blitt trekt for full ferie, men ikkje avvikla alle desse feriedagane før du sluttar, har du krav på å få tilbakebetalt trekket for dei feriedagane som ikkje er blitt avvikla.

Her finner du link til ferieloven.

..............................................

 Artikkelen er produsert av arbeidslivsavdelingen i Negotia, juni 2023.

 

 

Hei, jeg heter Nora. Hva kan jeg hjelpe med?
Personvernerklæring Informasjonskapsler Endre dine samtykker